07/06/2006

Flytting av radiosida!

Fusa nettradio blir no gradvis flytta over til den sida som vi legg ut podkastane våre på: http://web.mac.com/aslekaldestad. Då blir det enklare for deg som lyttar òg, sidan du slepp å forhalde deg til 2 sider. På den nye sida vil det difor vere podkastar av sendingane våre, tekst, bileter og kanskje små videoklipp frå radiostudioet. Men kvifor har den nye adressa til radiokanalen aslekaldestad i namnet? Vel, dette er fordi Asle Kaldestad er ansvarleg redaktør av Fusa nettradio. Han har òg eit musikkfirma ved namn Fusa-musikk, og Fusa nettradio er eit tilbod til deg frå Fusa-musikk. Difor vil den nye sida vere ei side med både innhald frå Fusa-musikk og Fusa nettradio. På den måten får du òg sett kva som skjer i Fusa-musikk (hovudsakleg komponering av musikk og sal av den). Og vi trur det vil skje mykje spennande samansmelting mellom nettradioen og musikkfirmaet. Vi gler oss! Du kjem til den nye sida ved å klikke på podkastlenka vi har lagd ut til venstre på skjermen her.

Redaksjonen som likar godt dei nye sidene

1. kapittel av 1. sending er klar for lytting!

Sidan alt styret med kassettbandet vårt har gjort at 1. sending blei så forsinka, legg vi den no ut kapittelvis etterkvart som vi klarar å få den over frå kassettbandet til data og Internett. Og 1. kapittel er no tilgjengeleg på http://web.mac.com/aslekaldestad (kanskje vi bør leggje denne adressa ut som ein direktelenk til venstre på skjermen her). Så ved å klikke inn der kan du no høyre starten på sendinga som blei gjort her i radiostudioet laurdag 24. juni. Etterkvart som fleire kapittel blir klare vil vi leggje dei til det som allereie ligg tilgjengeleg, og podkasten oppdaterar seg, slik at du alltid har den nyaste versjonen tilgjengeleg. Vi ønskjer deg god lytting!

Redaksjonen som er "litt" lei av kassettformatet no

07/05/2006

Jinglar!

Eit radioprogram har gjerne mange jinglar, altså reklamar for programmet ein lagar. Desse jinglane kjem no og då i løpet av eit program, for å minne lyttarane om kva dei høyrer på, for å dele opp programmet dersom ein skal skifte samtaleemne og fordi det høyres tøft ut! Vi i Fusa nettradio lagar fortløpande nye jinglar til våre sendingar, og her kan du høyre ein av våre jinglar: http://web.mac.com/aslekaldestad. Sidan fyrste sending tek så lang tid å få ut på nettet på grunn av den stakkars kassetten, må vi kunne tilby noko å lytte på i mellomtida.

Redaksjonen

1 2 3 4 Next