06/30/2006

Nyvaska radiosending!

Jau, jammen sa vi mirakel: Det viste seg at vi gløymde å trykkje Lagre før vi slo av dataen i går, så no er heile den utstrakte sendinga vår vekk! Vi skulle så til å finne den fram på kassett att, men det viste seg òg at den eine redaksjonsassistenten vår hadde putta kassetten i bukselommma og gløymd å ta den ut att før buksa blei slengd i vaskemaskina! Heldigvis gjekk vasken så forsiktig for seg tydelegvis at opptaket framleis var høyrbart då vi fann det att. Faktisk høyrdes lyden litt reinare ut etter vask (!), så vi fann ut at vi berre beheld opptaket slik, utan å fjerne meir støy no. For å få programmet i lang nok lengde tok vi òg å strakk litt i sjølve kassettbandet, og jammen hjalp det! La oss håpe at vi får lagd det ut på lufta i morgon, for no fyrst må vi lufte bandet litt, så det tørkar.

Redaksjonen som trekk både i kassett- og smileband

06/29/2006

Eit mirakel!

Vi klarte heldigvis å strekkje programmet ut til 2 timar att ved hjelp av moderne datateknologi. Men no når vi høyrer på sendinga så høyres det mildt sagt ut som om vi dreeeeeg veldig på enkelte vokalar medan vi snakkar, for ikkje å snakke om musikken som er med i sendinga. Den høyres ut som den er litt ute av takt heile tida no. Hm, vi veit ikkje heilt kva vi skal gjere, så i mangel av ein betre idé let vi det langstrakte opptaket liggje på datamaskina til i morgon og håpar at det skal ha skjedd eit mirakel med det innan den tid og at det då er perfekt!

Redaksjonen som kryssar fingrar og tær

06/28/2006

Dette byrjar å bli ei farse!

Etter at vi la kassettopptaket av den fyrste sendinga over på data for å renske litt opp i den susete lyden, oppdaga vi plutseleg at programmet hadde blitt kortare etter å ha gjennomgått den prosessen! Kvifor veit vi ikkje heilt. Så no sit vi og strekkjer sendinga ut att via avanserte funksjonar vi ikkje går i detalj på her. Vi håpar at vi skal klare å få sendinga til å bli på 2 timar att, som den var på opprinneleg då vi spelte inn programmet laurdag 24. juni! Etterpå skal vi ha bandsalat til nattmat!

Redaaaksjoooooneeeeeeeeeen

06/27/2006

Kassettlyd + magnet = dårleg radio!

Fyrste sending blei jo som sagt spelt inn på ”god”, gamaldags kassett, sidan datautstyret vårt reagerte på trekkspelklangen. Litt sus og dus blei det difor på opptaket, så vi prøvde etterpå å fjerne dei verste ulydane ved å overføre kassettlyden til data og gjere den finare. Då viste det seg at det nesten ikkje var att noko lyd frå kassettsendinga i det heile! Den hadde nesten forsvunne! Kvifor? Løysinga viste seg å vere at kasseopptakaren vi brukte hadde blitt magnetisk med åra (den må nemleg avmagnetiserast med jamne mellomrom), og difor hadde byrja å tappe kassetten for lyd att. Dette høyres kanskje litt rart ut, men det er den einaste løysinga vi finn. Vi er difor glade for at opptaket blei redda før det blei heilt oppete. Så no sit vi med opptaket på data og prøvar å lage fin radiolyd av det att. Det ser ut til å gå fint, men trekkspelklangen klarar vi framleis ikkje å fjerne, så vi fjerna heller heile trekkspelet.

Og: Med dagens podkastteknologi ser det ut som vi kan sende ut meir enn berre radio, nemleg bilete, video, skrift osv. medan programmet går. Dermed kan du som hører på òg få sjå litt av det som føregår her i studio medan vi lagar radio. Vi understrekar likevel at det er RADIO vi lagar, og at ein ikkje treng noko anna enn radiolyden for å ha glede av programma.

Redaksjonen som jobbar og drikk kaffi

06/26/2006

Prosit!

Host, hark, atsjooo! Oj. Ja, i forbindelse med oppstarten av radiokanalen har vi jammen meg fått nokre barnesjukdomar her, men dette er heilt vanleg når noko er nytt. Så akkurat no fins det eit par vasskoppar her i redaksjonen (akk, hadde det heller vore kaffikoppar). Sendinga blir lagd ut så snart vi klarar.

Den reduserte redaksjon

06/25/2006

Fyrste sending er på kassett!

Her i studio har vi no fiksa akustikkproblema. Dei viste seg å kome av eit trekkspel som stod på høgkant i ein krok, og som laga ei mystisk romklang då vi snakka i ei bestemt toneleie. Denne trekkspelklanga kom diverre med på opptaket vi gjorde av heile den fyrste sendinga laurdag 24. juni. Dette opptaket måtte vi faktisk gjere på ein gamal kassettopptakar, då datautstyret ikkje takla trekkspelklanga. Vi hadde det i alle fall veldig moro i studio medan vi festa fyrste sending til kassettbandet, og vi gler oss til å leggje den ut til deg så snart vi klarar – med trekkspelklang, for den klarte vi ikkje å fjerne!

Redaksjonen

06/24/2006

Hei alle lyarar!

Ja, i dag er det akkurat eit halvt år til julafta og som sagt ein fin dag å ha den fyrste sendinga. Men: Vi har akustikkproblem i studio! Likevel: Fusa nettradio har opna offisielt i dag... Hurra! Det betyr at du no kan besøke denne sida ofte framover og finne mykje nytt om kva som skjer her hos oss. Og: Vi vil prøve å lage den fyrste sendinga i dag og leggje den ut til deg så snart vi klarar, slik at du òg kan ta del i den festlege stemninga som er her i radioredaksjonen i dag 24. juni!

Redaksjonen

All the posts