06/25/2006
Fyrste sending er på kassett!
Her i studio har vi no fiksa akustikkproblema. Dei viste seg å kome av eit trekkspel som stod på høgkant i ein krok, og som laga ei mystisk romklang då vi snakka i ei bestemt toneleie. Denne trekkspelklanga kom diverre med på opptaket vi gjorde av heile den fyrste sendinga laurdag 24. juni. Dette opptaket måtte vi faktisk gjere på ein gamal kassettopptakar, då datautstyret ikkje takla trekkspelklanga. Vi hadde det i alle fall veldig moro i studio medan vi festa fyrste sending til kassettbandet, og vi gler oss til å leggje den ut til deg så snart vi klarar – med trekkspelklang, for den klarte vi ikkje å fjerne!
Redaksjonen
22:40 Permalink | Comments (0) | Email this
06/24/2006
Hei alle lyarar!
Ja, i dag er det akkurat eit halvt år til julafta og som sagt ein fin dag å ha den fyrste sendinga. Men: Vi har akustikkproblem i studio! Likevel: Fusa nettradio har opna offisielt i dag... Hurra! Det betyr at du no kan besøke denne sida ofte framover og finne mykje nytt om kva som skjer her hos oss. Og: Vi vil prøve å lage den fyrste sendinga i dag og leggje den ut til deg så snart vi klarar, slik at du òg kan ta del i den festlege stemninga som er her i radioredaksjonen i dag 24. juni!
Redaksjonen
19:20 Permalink | Comments (0) | Email this
05/07/2006
Hei framtidige lyarar!
Laurdag 24. juni er akkurat på den andre sida av året enn julafta. Difor kanskje ein fin dag å ha den fyrste sendinga på Fusa nettradio. Fram til den dagen er det MYKJE som må gjerast av radioførebuingar. Programmet må få eit passande namn, det må setjast saman ein redaksjon som arbeidar fint saman, innhaldet må tenkjast ut, skrivearbeidet av innslag, spalter og sketsjar må gjerast, musikklister må setjast opp OG så må vi finne ut av reglane for å få lov til i det heile å sende nettradio (eller rettare sagt leggje ut podkastar).
Difor kjem denne midlertidige heimesida for Fusa nettradio opp: For å gjere radioen kjend for dykk fram mot fyrste sending, og i tillegg for at de kan få skrive inn forslag og idear de har til programmet.
Fusa nettradio vil sende i form av podkastar, altså program som de kan laste ned til datamaskina og/eller Mp3-spelaren dykkar, for så å høyre denne programpakken når de sjølv ønskjer.
21:10 Permalink | Comments (3) | Email this

